Historie 16

Av: Siri Bjorstad Hjermann (53)

Kom, siste vinterdagar, kom! Me lengtar etter vår.

Lat sola smelta fonna tom og takka for i år.

No er det tid for nye spor, der Covid-19 svinn,

der spirer ut av mørk mold gror, der einsemd er eit framandord

– med poesi i sinn.

 

Eg skriv til dykk eit dikt på rim, for orda gir meg trøst.

Når rim og rytme er eit team, då svalar dei mitt brøst.

Åh, ensomhet og einsemd, åh! Me kjenner desse ord,

dei listar seg så stilt på tå. No er det nok! No vil me sjå

– ei ny tid på vår jord.