Historie 15

Av: Siri Bjorstad Hjermann (53)

Pandemisk poesi.

Då pandemien kloden traff

og intet land vart spart,

så var den langt ifrå eit blaff

og fulgte intet kart.

I folkemengder før eg gjekk,

var trygg på tog, i by,

med sekk eg drog til land langt vekk

og vart eg tørst, eg drakk frå bekk,

no går det knapt eit fly.

Så mykje tok eg før for gitt.

Tenk, mykje var eg lei!

No lengtar eg mot liv så fritt,

mot moro og ståhei.

Me saknar det me trudde trygt,

som varmen nær ein ven.

– Vil du ha klem, er du forrykt?

Du får det blikket som er stygt

og kallast schizofren.

Eg gjekk på jobb, eg hadde flokk

og underviste barn.

No får eg ikkje nærleik nok

og raknar som eit garn.

Som lærar treng eg stryka kinn

og gi ein vennleg klapp,

å følga opp eleven min

på beste vis, heilt genuin,

skjer dårleg på ein app.

I matpausen me sat så tett

at smular skifta brød,

og ofte traff ein kaffiskvett

kollegaen sitt skjød.

Ein meter er no mantraet,

så nære kan me trø,

gløym alt som liknar tête à tête

lev heller livet som asket

– så unngår du å dø.

Så vel eg veit, eg heldig er,

har jobb og barn og mann,

i heimen kan me vera nær

– dèt reddar min forstand!

Eg undrast ofte: kva vil skje

i tjue-tjueein,

vil pandemien vara ved,

og halda fram med sin fortred,

med stadig nye mein?

Uthalden er du, pandemi,

du gledas stadfortredar,

tek tid frå unge, stel magi,

og er ein fæl barbar.

Skurk og tjuv, så lett på foten,

samvitslaus og grådig

tek du for deg heile kloten.

– Kan du gi deg, Covid-19,

starta verta nådig?!

Svigermor på åttisju

tok sjølvvald isolat,

den veka pandemien slu

la fridomen for hat.

Ho laga seg ei eiga verd,

men snappa oss små glimt

av bord med vin og camembert

– ho klarte vera visjonær,

på ho var håpet limt.

 

Langt vekk frå byens støy og klo

der ufred ofte rår,

finn eg mi kjelda til ei ro

eg ikkje ofte får

når folkevrimmel famnar meg,

når støyen flerrar luft

frå bil og trikk og buss på veg,

frå dei som ropar «Sjå på meg!»

heilt blotta for fornuft.

Eg treet er i skogens blest

med røter djupt i jord,

når uvær herjar aller verst

det kjennest at eg gror.

Eg gror med tyngdekrafta ned

mot jordas indre sjel,

der styrkast røter, finn eg fred

og stundom hender det eg bed:

Takk jord, du vil meg vel!

Naturen er eit ope rom,

tek mot meg natt og dag.

Naturen gjer meg aldri tom,

gir påfyll, fjernar gnag,

den gir meg harmoni og fred,

der fyllest eg med liv.

Eg møter ekorn, maur og ørn

som klargjer meg for ei ny tørn

med auka perspektiv.

 

Når einsamkjensla fyller deg

og du vil ha ein klem,

når mørke tankar set sitt preg

og du ser kun problem:

gå ut i dagslys eller natt,

ut under himmeltak,

trekk djupt inn pusten, så ut att

og strekk deg som ein doven katt

framover, ikkje bak.

 

I denne tid med isolat

og avstand mellom oss,

der me må møtast til ein prat

på skjerm, og hjartet sloss

mot permafrost og mørketid,

i denne tid, hugs på:

det vil gå over! Ein gong glid

me inn på nye vågar, i

ei verd med himmel blå.